Filt for flukt

Då kulturministeren utfordra kunstmiljøet til å bidra i flyktningkrisa, starta det som skulle ende som EM-premiar.

Hausten 2015 utfordra dåverande kulturminister Thorhild Widvey landets kunstnarar: Korleis kunne dei bidra i flyktningkrisa? Jølsterkunstnaren, May Elin Eikaas Bjerck, byrja å tenke, og saman med andre kunstnarar og sonen Nikolaij Sandberg Bjerck, oppretta dei eit prosjekt med mål om å involvere lokale flyktningar i filtkunst.

– Filt er ein del av den norske kulturarva, og har vore i bruk heilt sidan vikingtida. Vi ønska å legge til rette for ein sosial møteplass for flyktningar, der dei kunne skape filtkunst og integrerast i det norske samfunnet. Eg kallar filtkunsten for sosial skulptur, forklarar May Elin.

Jobben med å fortelje flyktningar på ulike mottak om prosjektet, og å rekruttere deltakarar, starta. Dei veksla mellom å invitere flyktningane heim på garden i Jølster, og å reise rundt på mottaka med medbrakt utstyr. Etterkvart som produksjonen kom i gang, kontakta dei EM-arrangørane og spurte om dei såg nytte i kunsten. Stian Grimseth og Tom Farsund, som hadde lurt på korleis dei kunne involverer flyktningar i EM, tente på ideen med ein gong.

– Dei ønska å bruke filtkunsten som premie, og var glade for at vi hadde teke kontakt. Dei bad om 45 premiar som dei kunne dele ut til samanlagt-vinnarane.

IMG_7813

Givande arbeid

Flyktningane sette pris på å få jobbe med kunst, og spesielt kjekt var det å få vite at det dei skapte skulle delast ut som premie i EM.

– Mange av flyktningane ønskjer å bidra til det norske samfunnet, og det å ha ein aktivitet å gå til som manna ut i ein verdi, sette dei pris på. Dei har gjort ein kjempejobb, seier Nikolaij.

Under EM har Filt for flukt hatt stand i Førdehuset.

– Vi har vist fram korleis premiane blir laga, samtidig som vi har invitert publikum til å prøve seg. Det har blitt ein sosial møteplass for både publikum og flyktningane.

Premiane er forma som ei venge, og har såleis element frå den offisielle logoen til EM i seg.

– Etter litt eksperimentering, fann eg ut at vi kunne få premien til å likne på logoen til EM. Det gjorde det heile ekstra fint, seier May Elin, som er kunstnarleg ansvarleg i prosjektet.

Fleire av flyktningane har vore til stades under premieutdelinga.

– Det var stort å vere der når vinnarane løfta opp premien saman med flagget sitt. Det betydde mykje for flyktningane, avsluttar Nikolaij.

Filtforflukt.no står på stand i Førdehuset fredag 15. april frå kl 15.00 og laurdag 16 .april frå kl 16.00

poster 1