EM-kok då Sindre vart helt på heimebane

Aldri før har det vore så mange tilskodarar på plass i ei C-gruppe under eit EM som i dag! Vår eigne, store helt, Sindre Rørstadbotnen sørga for at det var verd turen til Førdehuset. Til rungande jubel frå fullsatt sal, gjorde han fem vellukka løft, og avslutta det heile med eit støt på 183kg. Dermed ende han som vinnar i støt (menn, 105kg, C-gruppa)! Sjå løftet, intervju med helten og reaksjonar frå ein stolt og røyrd familie her!