I kveld blir det full trøkk

EM Vektløfting pågår for fullt i Førde!

I går tok vi ein prat med Sindre Rørstadbotnen! Han gledar seg til å løfte på heimebane i kveld. Møt opp og støtt Sindre og Per Hodnes, som begge skal i aksjon 21:30 i klassen 105 kg C.

Mesterskapet har brakt opp mot 400 deltakarar frå til saman 40 europeiske nasjonar til Førdehuset. Her skal dei konkurrere rykk og støt, fordelt på 15 vektklassar for kvinner og herrer. Til saman skal heile 135 EM-medaljar delast ut under mesterskapet.

Ta turen til Førdehuset for å sjå nokon av verdens sterkaste, eller sjå meir på Eurosport og Tv2 Sport.

EM Vektløfting i Førde holdast 10 – 16 april